Magesårmysteriet

Dei var samla i den gamle bestestova i huset, der dei so mange gonger før hadde mora seg med spel og rusande væsker. Den ein fyrst la merke til var den suksessfulle investoren med sjukeleg interesse for ugler, og som alltid jaga etter nye sjansar til vinst. "Ein må investera tid skal ein oppnå suksess!". Dei andre var ikkje like interesserte i det evige mantraet om framgang og profitt. Serleg ikkje den kyniske advokaten, ein høgreist mann som helst ikkje lyfta ein finger utan at noko eller nokon provoserte det ut av han. Han kunne alle triks i boka, og serleg i appendikset med som er reservert for kyniske advokatar. Den kyniske advokaten sat so djupt ned i godstolen det var mogleg å koma. Investoren gjekk frenetisk kringom i rommet og snakka i telefon, stadig på leit etter ny profitt. Kontrasten kunne ikkje vore større.

Og heller ikkje til tredjemann, den ustrukturerte kunstnaren, bohemen, som aldri heilt fekk orden på enkeltmannsføretaket. Vel hadde han seld eit par verk til god pris, men det var mange år sidan no. Sidan det hadde det vorte mest halvgode eller halvferdige verk. Ein liten skulptur her, eit filmprosjekt der. Kunstnaren verka heller umotivert og useriøs, og svarte stort sedd fjasete når han snakka til. Bortsedd frå førepurnader frå investoren. "Ein køddar ikkje med investorar", sa han.

"De er samla her av ein grunn eg reknar med de er klåre over", sa ein ekstremt pertentleg og velkledd mann med ein distinkt snurrebart i det han trippa inn i rommet. Privatdetektiv? Var det det han kalla seg? Pottitrot? Var det det han sa namnet var? Advokaten kunne ikkje bry seg mindre. Han hadde per default inga skuld i dette, eller noko som helst for den saks skuld. Investoren stoppa opp. Han var kanskje rikare og meir vellukka enn dei andre studievenene, men han såg likevel verdien i at dei faktisk var samla. Eller kanskje ikkje akkurat i kveld. Omstenda kunne vore betre.

"Han klarte seg ikkje. Magen tok kvelden. Det var både parasittar og infeksjon, i tillegg til dei store psykiske plagene.". Det gjekk eit gisp gjennom romet. Og eit geisp. Det var den kyniske advokaten som geispa. "Naturlege årsaker, tenkjer de. Men for Pottitrot er ikkje ein obduksjonsrapport gjort i hastverk ein onsdagskveld godt nok. Eg gjorde nokre eigne undersøkjingar. I blodet vart det funne spor av alkohol, noko obduksjonøsa ikkje hadde brydd seg om. Men Pottitrot veit meir enn obduksjonøsa. Den avlidne hadde ein fastlækjar. Og fastlækjaren hadde ved fleire høve ettertrykkjeleg lagt ned forbod mot alkoholinntak. Det var berre eit tidsspørsmål, sa fastlækjaren, dersom pasienten heldt fram med noko form for velvere. Alkohol, sukker, salmiakklakris, mjølk, taco, tobakk, ". Brått nådde den kyniske advokaten provokasjonsterskelen. "Tsss! Alt det der er no positivt. Drikking er no positivt!". Det vart stille eit par sekund, eit par lange sekund. Kunstnaren nølte, so fyrte han laust: "Ja, der er mysteriet løyst. Advokaten drap stakaren med all messinga om alkohol. Fornøgd no, 'jussproffessor'?".

Investoren såg uvanleg bleik ut. Bileta flerra over netthinna. Påspandert vin, drinkar, for ikkje å snakka om alle gongene han hadde knust den gode kameraten i bodrunder og forhandlingar. Likevel syntest han advokaten virka mistenksamt upåverka. Greitt nok å vera kald og kynisk, men her var det trass alt snakk om ei gamal ugle som hadde slått sine siste vengeslag. Skulle det ikkje ha vore antyding til anger frå mannen i stolen? "Ja, har du ein kommentar, advokatfullmektig?", spurde investoren. Men han rakk ikkje få nokon respons før det small i ei dør ute i gangen.

"Ah, herr inspektør. Velkomen inn. Tok du med det me avtalte?", Ein om mogleg endå meir høgreist mann med den fyrste, andre og tredje skjorteknappen open viste sitt solbrune andlet i døropninga. Han hadde tydelegvis fått med seg heile seansen ute frå gangen. "Gentlemen." (Mannen hadde budd i utlandet.) "Eg gjev dykk ein sjanse til å kjøpa dykk ein solid strafferabatt. Den som melder seg for dette drapet får redusert straff til 3 år!".

Investoren følte ein desperat trong til å ta skuld. Og samstundes unngå ein heftigare straff. Men han kunne ikkje eigentleg vita om det var hans påspandering kvelden før som hadde gjort det for den uheldige mannen. Heller ikkje det at han same kveld hadde loppa den vesle trasten for alt menneskeverd i gjentekne fekteduellar. Kva med advokaten, som brukte å påføra stakaren mykje styggare skader i endå heftigare duellar enn fekting. Når den lansen trefte i solar plexus kunne det ikkje vera direkte helande. Og kva med kunstnaren, som lata som han var kompis, men lurte og manipulerte det vinglete sinnet til fjerdemann med tips og råd medan dei eigentleg var kamphanar. Og var det ikkje han som tok med den lefsa for kort tid sidan. Det kan umogleg ha vore bra for skrotten. Og kva var greia med useriøse boksinga i går. Det var nesten som han ville bli slått knockout på. Var det for å dekkja over noko? Var det kanskje...

Tankerekkja vart avbrote av skjorteknappen. "Klokka tikkar! Me gjev dykk 30 sekund att før gongongen slår.". Panikken breidde seg i lokalet. Det var ikkje berre investoren som tenkte so det knaka. Kunstnaren såg livet i ruinar om det vart full dom, men potensiell god p.r. med ein kort tur i fengsel. Han såg på dei andre. Advokaten flakka med blikket. Strauk hendene mot kvarandre. Nølte. Trekte pusten, og utbraut "Eg velj...". "Stop!!", gaula den solbrune inspektøren. "Tida er ute!".

"Whaat?!", ropte dei tre ut. "Det der var ikkje 30 sekund. Gongongen kom altfor tidleg.". "Gongongen kom akkurat der han skulle. Eg sa 13 sekund, men kanskje er aksenten min litt uvant for dykk? Budd for lenge i pottitlandet, kanskje.". Snurrebarten sendte eit stygt blikk i retning dei opne skjorteknappane.

"På liket vart denne gjenstanden funne.". Hengjande frå dei brune nevane kunne ein sjå eit par svarte høgtalarledningar. "Vart kammeraten vår kvald?", braut investoren ut. Advokaten snudde seg brått i retning den unaturleg oppfarande stemma. Kunstnaren klarte ikkje ta blikket vekk frå dei svarte ledningane.
Назва Bergensliga Autumn 2017 #8
Тип турніру Індивідуальний
Стан Завершено
Турнір додано 04.10.2017
Країна Норвегія
Місто Берген
Дата проведення турніру 04.10.2017
Участников 4

Етапи
Назва Стан Тривалість Дата и время Учасники Розклад і результати Таблиці
- 1 -
Grunnspel Завершено 4 04.10.2017 00:00 Учасники Розклад і результати Таблиці
- 2 -
Sluttspel Завершено 5 04.10.2017 00:00 Учасники Розклад і результати Таблиці