4. Henning Tvedtet:

I eit elles jamnspelt grunnspel var det ein som skilte seg ut fram til midt i runde 3 av 4. Tvedtet heldt fram der han slapp i grunnspelet veka før, og hadde 0-1-7 etter 8 kampar på seminarrom C, medan vaksne menneske åt kanapear på journalistkonferanse utanfor den opne døra. Men då det ikkje lenger var mogleg for Tvedtet å ta att nokon på tabellen, og fokuset i beste fall måtte vera på å "gjera ein god figur" (som var Lars Eirik Aase si målsetjing før NM 2007 eller kva det var, til sjokk og vantro frå Trond Ove), blomstra mannen frå Fitjar og avslutta med 3-1-0. Holmin uttrykte ei viss frykt for å møta Tvedtet i semifinale, mest for å psyka ut motstandaren sjølvsagt. Diverre gjorde Tvedtet litt for mange feil som Holmin utnytta, samtidig som høgrevingen presterte like bra som ein høgreving på det norske landslaget i fotball. Var noko bitter etter å ha tapt dei tre siste kampane i bronsefinalen, og fekk instendige formaningar frå Eidsnes og Holmin om å trena inn senterfinter og skyflar til killer-nivå.

3. Darko Mrdalj:

Landslagsspelar Darko ledar lenge grunnspelet, men får ein liten kollaps mot slutten som sender han ut i semifinale mot landslagsspelar Eidsnes. Darko hevar stadig nivået og skårar stort sedd på kreative variantar. Men kanskje kunne òg han hatt nytte av terping på eit par effektive og litt meir standard triks, som van Hestad og spjass. Snur bronsefinalen ca i det bordhockeyfrua hans entrar lokalet for å sjå på galskapen. Bør ta opp kampen med Holmin/Brunvoll om å bli landets beste bordhockeypar. Er invitert til Holmin VM-helga for å sjå bordhockey på storskjerm.

2. Espen Eidsnes:

Klarar ikkje å sikra samanlagtsigeren for vår 2017, og heller ikkje å ta nemneverdig innpå Tvedtet i anti-Hjemås-samandraget (http://puck.no/mediawiki126/index.php/Bergensligaen#2016_-_2017). I finalen vert det målturke og -tverke, sjølv om han glimtvis får hol på byllen og skårar opptil fleire kjappe mål på rad. Treng ein del terping for å gjera ein god figur i VM, men angrar på heile VM-deltakinga då han høyrer om Holmin sine planar om VM på storskjerm. Mimrar tilbake til vår 2016 då han var so suveren at han måtte styka ein 100-poengar i ligasamandraget. Eitt år etter har Eidsnes måtta dela litt på fyrsteplassane, noko som truleg kjem av ein kombinasjon av at Eidsnes ikkje lenger trenar dagleg og at Vegard Klippen kom inn i Bergensligaen og skjerpa gamle revar som Holmin og Gangsøy. Mange fråver har det óg vorte denne våren, men det er likevel berre teori som kan stela ligasigeren frå Apeltunhaugane. Holmin må vinna dei to siste ligaane og samtidig som Eidsnes må bli best nr 3, noko som er like lite sannsynleg som at Benjamin Raich ikkje skulle vinna verscupen i alpint 2009, då han måtte ta inn 2 poeng på Aksel Lund Svindal i slalåm.

1. Arne Johannes Holmin:

Er uvanleg fokusert og energisk, og får til eit variert spel mot Eidsnes som vert noko stressa av baklengsmål i starten av kvar kamp i finalen. Skårar nesten 5 mål i gjennomsnitt i sluttspelet og kan sykla heim og svara "Ja, eg vann" på spørsmålet "Var det gøy på liga", med påfylgjande fråver av respons. Sjølvmelding for sjølvstendig næringsdrivande var tydelegvis meir interessant enn sambuaren sin ligasiger nr 95.
Назва Bergensliga Spring 2017 #19
Тип турніру Індивідуальний
Стан Завершено
Турнір додано 31.05.2017
Країна Норвегія
Місто Берген
Дата проведення турніру 31.05.2017
Участников 4

Етапи
Назва Стан Тривалість Дата и время Учасники Розклад і результати Таблиці
- 1 -
Grunnspel Завершено 4 31.05.2017 00:00 Учасники Розклад і результати Таблиці
- 2 -
Sluttspel Завершено 5 31.05.2017 00:00 Учасники Розклад і результати Таблиці

Текстова версіяПідсумкове положення
Ім'я Країна Місто
1 Arne Johannes Holmin Норвегія Берген
2 Espen Eidsnes Норвегія Берген
3 Darko Mrdalj Сербія Bergen
4 Henning Tvedten Норвегія Берген