Bergen Sumarliga 2017 #2:

5. Bjorn Schandy: Ein stille og kald sumarkveld i Bergen får Holmin telefon frå ein framand mann som spør om det skal spelast bordhockey komande veka. Etter ein lang telefonsamtale om ulike bordhockeyteknikkar og -taktikkar, gamle spel med fjøyrutveksling, og high speed vs play-off, vart den 60 år gamle bordhockey-entusiasten invitert til sumarliga i Bergen. Og trass i strålande sol og over 20 grader kom Schandy køyrande inn frå ferieparadiset sitt på Askøy, til kjølige kommentarar frå sin betre halvdel. Det vart ein forrykande liga der rutinerte Bergensliga-spelarar fekk oppleva ein herleg spelestil frå 70-talet og ein læreviljug Schandy som raskt innsåg at senteren har vorte den viktigaste spelaren på brettet i moderne bordhockey. Det var liten tvil om talentet til superveteranen, som skårte på spjass på tredje forsøk, og vonleg vil me få sjå mannen på Norway Open i september, sjølv om han meinte turneringsstart kl 09.00, eller natt til laurdag som Trond Ove ville sagt, var aaaltfor tidleg. Tenk om denne mannen blir ein del av bordhockeymiljøet i Noreg i ein alder av 60 år, noko som vil fjerna alle aldersrelaterte argument for å slutta med bordhockey.

4. Henning Tvedten: Helse Vest sin konspirasjon når stadig nye høgder. Siste skot for verlere-baugen til Tvedtet er ein inbilt lungebetendelse som hindra han i å delta på bankett etter Møhletpris Open helga før, sjølv om turneringa og banketten fann stad på romet til Tvedtet. Heldigvis hadde sukkertablettane som fastlækjaren lurte Tvedtet til å tru var medisin mot bronkitt og kols ført til ein viss placeboeffekt, og Bernt Høies mobbeoffer nr 1 vart relativt friviljug med på både sumarliga og bankett på Apollon. I grunnspelet presterar Tvedtet som vanleg skarpt mot Holmin, og vinner alle dei tre kampane mellom dei, men i den viktigaste kampen, bronsefinalen mot same Holmin, taper han på sudden etter at spelet på sedvanleg vis sluttspel-knyter seg. Trond Ove kan sikkert utdjupa med høvelege kommentarar over dette fenomenet.

3. Arne Johannes Holmin: Er den einaste som ikkje taper poeng mot Schandy, og den einaste som slår landslagsspelaren Eidsnes, men endar likevel på tredjeplass og vert knust i semieinalen mot Middelhavets beste bordhockeyspelar,

2. Vegard Flatoy: som herjar mot gamle bergensliga-rivalar med rask og etterkvart presis hockey, men klarer ikkje stå imot senterfintene til

1. Espen Eidsnes: som endeleg har vorte fyrsteranka i Bergen.
Название Bergen Sumarliga 2017 #2
Тип турнира Индивидуальный
Состояние Завершён
Турнир добавлен 05.07.2017
Страна Norway
Город Bergen
Дата проведения турнира 05.07.2017
Участников 6

Этапы
Название Состояние Длительность Дата и время Участники Расписание и результаты Таблицы
- 1 -
Grunnspel Завершён 3 05.07.2017 00:00 Участники Расписание и результаты Таблицы
- 2 -
Sluttspel Завершён 1 05.07.2017 00:00 Участники Расписание и результаты Таблицы

Текстовая версияИтоговое положение
Имя Страна Город
1 Espen Eidsnes Norway Bergen
2 Vegard Flatoy Norway Bergen
3 Arne Johannes Holmin Norway Bergen
4 Henning Tvedten
5 Bjørn Schandy
6 Ole Christian Alfheim