Bergensliga Spring 2017 #17

Referat:

5. Darko Mrdalj: Er på veg ned frå Fløyen i det regnet og Bergensliga nr 17 våren 2017 brakar laus, men taper ingen WO-kampar sidan møtelyden på gentlemanaktig vis startar på runde 4, der Darko hadde pausekamp. Vinner alle kampane mot Tvedtet i grunnspelet men skårar ingen mål i best-av-ein i kvartfinalen, og ingen på sudden heller, og då vert det 1 poeng på verdsrankinga for Metallica-entusiasten.

4. Trond Ove Gangsøy: Har sjansen til ein personleg fyrste tre-på-rad i Bergensligaen, og skrider til verket med stor tenning. Motstandaren føler seg til tider hjelpeslaus mot skyffeltreffen til "På dansefot"-adicten. Kanskje serleg dersom ein heiter Henning Tvedtet og dekkjer målstonga med keeper og keeper med back mot høgrevingen til Trond Ove. Når målstong, keeper, venstreback og motstandar sin høgreving ligg på line bringer det fram flammande supperlativ om kor fantastisk det er med bordhockey frå Gangsøy. Tre strake sigrar mot Holmin fører til at verten utnyttar dei internasjonale reglane som seier at den som veljer brett ikkje skal velja side. Sidan det berre var to brett i spelelokalet medfører dette at nr 3 etter grunnspelet får ein fordel i høve nr 2, og Holmin veljer sjølvsagt vekk den sida han tapte tre kampar på, med det resultatet at Trond Ove slepper 4 sjølvmål/flaksemål av høg kvalitet og taper 7-4. Trond Ove har, som alle som spelar bordhockey veit, eit prisipp om aldri å spela bronsefinale av frykt for å intensivera smerten etter semifinaletap, og slepper Magesåret opp på pallen.

3. Henning Magesåret Tvedtet: Takkar nei til øl, men ja til bolle. Begge deler er gjærbakst, men hjernevaskings-kampanjen til Helse Vest set framleis ein stoppar for Tvedtens velvere. Etter mykje overtaling er han likevel på gli når det gjeld drikking i kombinasjon med "På dansefot", i reprise dag etter dag heilt fram til neste sending. Tenk kor fantastisk når Tvedtet er godt ned i sjette øla og "Je sier som dæ er" med Dænsebændet kjem på radioen for sjuande gong, og Tvedtet strekkjer ut armane og synger med heime på hybelen! Magesåret har gjort Tvedtet til ein energisparande spelar som vinner berre dei viktigaste kampane, som kvarfinalen mot Darko og bronsefinalen mot Holmin for to veker sidan. Spelet til Tvedtet er som ein komplisert akkord. Ein og ein gjev ikkje tonane so mykje meining, men saman vert det vakkert. Spelar han variert slår han sjølv Trond Ove 3-1.

2. Ewoud van Veen: Kveldens Galuzo taper berre mot Holmin i fyrste runde i gruppespelet, og vinner dei 11 andre kampane. Men i den siste og viktigaste kampen buttar det imot, med litt uflaks og påfylgjande stressa spel. Det er ikkje lett å vera suveren fram til finalen. Då har ein kanskje spelt ut for mange kort, og klarar ikkje å justera seg når motgangen kjem, slik Yanis opplevde etter 46 strake sigrar men 0-4 mot Kevin Erikson i finalen i Truku Open. Er med og mimrar tilbake til Jon Smørs Gate 9 i 2003-04, då namn som Henning Karlsen, Frank Hellevik og Joakim Wallmark dukkar opp. Trond Ove har prøvd å få kontakr med opptil fleire av desse, men ikkje fått nokon av dei tilbake for å redda Bergensligaen.

1. Arne Johannes Holmin: Oleine med to ungar medan kona er i Japan har Holmin flaks når Darko og Eidsnes ikkje kan stilla på oppsett tid, og flytting til laurdag kveld i Von der Ohes Vei 1 vert godkjend av alle potensielle deltakar bortsedd frå Eidsnes. Flaks har han òg i semifinalen mot Gangsøy, og klarer nesten ikkje slutta å le når Trond Ove hamrar inn sjølvmål nr 4 i sluttsekunda. I finalen er det litt flaks kombinert med ein enorm fordel i å spela på eige senterfintetreningsbrett som gjev Bergensliga-siger nr 94.
Тип турнира Индивидуальный
Состояние Завершён
Дата проведения турнира 20.05.2017
Участников 5
Этапы
Название Состояние Длительность Дата и время Участники Расписание и результаты Таблицы
- 1 -
Grunnspel Завершён 3 20.05.2017 00:00 Участники Расписание и результаты Таблицы
- 2 -
Sluttspel Завершён 1 20.05.2017 00:00 Участники Расписание и результаты Таблицы

Текстовая версияИтоговое положение
Имя Страна Город
1 Arne Johannes Holmin Норвегия Берген
2 Ewoud van Veen Нидерланды Берген
3 Henning Tvedten Норвегия Берген
4 Trond Gangsoy Норвегия Берген
5 Darko Mrdalj Сербия Bergen